Venneforespørsel - Utvekslinga - Siri Elisabeth - Twitter - Kontakt - Fotografi

NY BLOGG

  • HUBBLIBUBBLI KVELD

    I forrigje veka var Julie på ferie i Jordan, og kjøpte med seg ei vannpipe heim. I går kveld var tida komen for å teste den. Årh, utruleg god fruktsmak.

    Koslege bileter frå kvelden

    Julie//http://julieidr.blogg.no/

    Ida og meg

    Malin og Julie



    Kjersti// http://kjerstiurang.blogg.no/

    Åsta Mari// http://aastamari.wordpress.com/
    

    Om eit par timar no, sit eg på nattoget til Oslo! Wiiii :-D

  • OLSO TIPS?

    Nå nærmer helga seg med stormskritt. Natt til lørdag sit eg, Natalie og Synne på nattoget til hovedstaden, og på laurdagskvelden står me heilt framme med scenen og syng med til Kaizers Orchestra sine fantastiske songar. Tenk den stemninga; folk hoppar i takt, brukar opp stemma si fordi dei syng med til Maestro, og Die Polizei. Kjenner lykkerusen alleree. 

    Tidleg, tidleg søndags morgon sit me på toget heim att, så det er berre laurdagen me har til rådigheit. Karl Johan og Oslo S er oppbrukt, men likevel så er det berre der eg er kjend.. Veit du om nåken skattar av ein kafé/ resturang, koslege shoppingplassar og andre ting ein berre  få med seg? Ei kunstutstilling, ein loppemarknad, ein kosleg konsert i ei hole midt på dagen/natta? Eg er open for alt!

    Gjengen som skal til Oslo på tur..

     

     

  • AKTUELT

    Hadde store planar om å skriva eit fint innlegg om Justin Bieber faktisk, og personar som han som har jobba noko sjukt møkje for å oppnå målet sitt; å kunne leve av draumane sine.  Kom nettopp heim frå kinoen; Justin Bieber, Never Say Never. Gud, den guten er eit multitalent. Punktum. Derfor slik JB snakk. Slike personer gjer meg inspirasjon til å følgje draumen min, kva no enn det måtte være..

    Men etter ein tur innom expressions.blogg.no vart eg dradd fort ned til jorda igjen. Det finnes nemleg møkje alvorligare -og større sakar som burde opptatt menneskeheita enn berømmelse og pengar; nemleg levekåra til stakkars, fattige land og dei drastiske klimaendringane, og ikkje minst berekraftig utvikling. Blir dårleg berre med tanken på kor egoistiske og sjølvsentrerte mange er. 

    I mitt tilfelle skulle eg ynskje eg kunne gitt nok pengar til alle, bygd skular, gitt medisinar til sjuke og tatt vare på stakkars små, men i min situasjon nett no, har eg verken pengar, tid eller mogelegheit til noko av det. Men med tanke på miljøet tar eg mist mogeleg fly - så lenge det går an, eg et ikkje kjøt og fisk, og eg gjenvinn & resirkulerar. 

    Sjå på denne filmen, og tenkt deg ein ekstra gong om kva du skal ha til middag i morgon, god fonøyelse:

    Q: Tips til andre miljøvennlige steg eg kan ta? Og kva gjer du? 

  • FOTOGRAFI

    Det er mange ting som eg driv på med som hadde vore kjekt å gått på kurs og lært litt meir om, slik som sying, maling, skriving og fotografi. Dette er aktivitetar eg driv på med på si - aktivitetar som eg elskar å gjere - men som aldri gjer noko resultat.. Ved ein seinare annledning har eg i alle fall lyst å fordjupe meg meir i desse tinga!

    Uansett, no for tida er det fotografi som tar opp mesteparten av tida mi. Det einaste som er så dumt er at "alle" gjer det, og no med alle desse flotte redigeringsprogramma vårast skal det ikkje så mykje til før ein får eit bra bilete. Men så lenge ein følar at fotograferinga gjer ein noko, så er det verdt det - same kva resultat det gjer. Slik er det i alle fall i mitt tilfelle; eg tar bileter for min eigen del, og ikkje for alle rundt meg:)

    Å ta natur-og miljø, menneske og situasjonsbileter er det kjekkaste innanfor fotograferinga. Spesielt situasjonsbileter; viss ein får tak i stemninga, viss bilete på ein måtar snakkar for seg sjølv, og at dei som ser bilete etterpå sit att med same følelse - då har eg nått målet mitt. 

    Naturbilete er det eg absolutt har mest av, men me får satse på spekteret mitt utvidar seg etterkvart.

     


    Gullingen. 

    Dårlig kvalitet. Tatt med mitt gamle Samsung Digimax S-600 6.0 Mega Pixel Digital  kamera,påsken for fire år sidan.

     


    London Eye, også tatt med det gamle Samsung Digimax S-600 6.0 Mega Pixel Digital  kamera


    Flyet frå Bergen til Gatwick, februar 2011.




    16 års dag til Ida, 10.juli 2010

    Q: Kva var første inntrykket?

  • blogg.tinekatrine.com

    Tårene trillar ned dei runde kinna mine.  Klokka slår straks 00:54, og eg kjem over ein utruleg flott blogg, med ein forfattar med eit enda flottare hjarte. Innlegga rommar ulike tema frå a til å. Det er innlegg som viser engasjement, kunnskap, reeserch, empati og omsorg. Heile bloggen er oversiktleg, og ein finn fram til det ein leitar etter. Stort sett alle innlegga har aktualitet, og rørar meg på eit eller anna vis. Då eg leste dette innlegget om sirkus elefantar begynte eg å grine (http://blogg.tinekatrine.com/?cat=53). Eg visste jo frå før at sirkus dyr ikkje har det noko bra, sjølv ikkje dyra i Noreg, men eg har latt være å tenkte på det for det gjer for vondt. Dette temaet sårar på så altfor mange måtar, og eg skulle ynskje eg kunne få ein stoppar på det no med det same. Hadde det berre vert så lett..

                            

                             

         bildene / william albert allard ( lånt i frå  http://blogg.tinekatrine.com/?s=sirkus)

    Eit par andre innlegg med same overskrifta; i min drømmeverden - viser bileta og teksten for ein spanande og draumane person ho er! Og dei får livet -og ynskja mine virke grå og triste samstundes som eg får nye idear og input i kvardagen.

    Ho set også andre svært viktige ting opp på dagsordenen (men likevel ikkje i nærheita av så viktig som dette med dyremisshandling) som lenking til opphavspersonen same kva det måtte gjelde, men i dette tilfelle; bileter!! Personane bak legg mykje arbeid ned i eit flott fotografi, og når dei så legg det ut på internett, eller delar det på andre måtar, fyk dei rundt om overalt utan at fotografen vert anerkjend. Dette er viktig.

    Sidemenyen hennar er oversiktleg og er delt i ulike tema, og eg trur dei fleste finn noko interessant som dei vil like om ein tar ein titt innom!

    Trykk på biletet for å komme til opphavet

  • STS PROSESSEN

    Eg søkte i juli trur eg da va, ein mandag/tirsdag, og allerede fredagen same veke sat eg i intervju med den koslegaste damo i Haugesund. Etter dét var det full rulle med søknadspapir, "student letter", "family letter", få legeattest, laga fotoalbum, senda inn karakterar, få ein engelsklerar som kjente meg til å skrive eit anbefalingsbrev osv og til slutt senda inn søknad om STS stipend.

    Desse månadane har gått utruleg fort, og no er det berre 5 månadar til eg reise! Har allerede begynt så smått å laga lister på ting eg må ha med meg, ting eg må kjøpa før eg fere, og forslag til ein liten presang eg kan ha med meg til versfamilien min. I tillegg må eg få fiksa meg eit engelsk mobil nr, adapterar og kanskje eit nytt, engelsk minbankkort. Møkje styr!

    Men fram te den ti kjeme så vente eg i spenning på beskje frå STS om kor di sende meg. Ka skule eg kjeme te, og ka familie eg havne i å tanken på store  å billige chipsaa!

             

    Men eg kjeme te å savna alle dei flotte, gode her heima!!

  • Storbritannia skuleåret 2011/2012 med STS

    Eg kan enten komme til England, Wales eller Scotland.  Glede meg nåke grenselaust! Skulen startar ikkje før den 1. september, så eg får litt lengre sommarferi i år, å da slår aldri feil!

    London  <3

    Når eg leste på Åsta sin blogg gjekk da opp for meg; neste år er me faktisk heile 6-ish venner som reiser som utvekslingsstudentar te forskjellige plassar:

    Meg, Siri Elisabeth: Storbrittania

    Julie:  Den Dominikanske Republikk

    Anna Elisabeth: Mexico

    Synne:USA

    Åsta Mari: USA

    Katrine: USA

    + kanskje to veninner til som ikkje har bestemt seg heilt! GØY!

    Det vert spennande å lesa bloggane til alle, og sjå alt det forskjelliga me får oppleva i løpet av opphaldet vårt.

  • Les mer i arkivet » Mai 2011 » April 2011 » Mars 2011
    hits